Greg Niemczuk- Grieg og Chopin

Chopin og Grieg

Framsyningar

Henter programmet

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk har gjesta oss kvart år sidan 2022- kvar gong med stor suksess. Og kvar gong har publikum ønskt han velkomen tilbake. Og no er han her igjen, denne gongen med Grieg og Chopin på repertoaret.

I det nye programmet vil Greg Niemczuk samanlikne dei to store komponistane og vise at dei musikalsk nesten var som brødre. I første del får publikum anledning til å samanlikne Grieg og Chopins to «Sommerfugl» nokturnar og ikkje minst dansar inspirert av folkemusikk, blant dei Griegs populære norske folkedansar op. 17 og op. 35 samt dei vakraste masurkaene av Chopin.

I andre del får vi høyre dei to musikalske meisterverka: «Sørgemarsj-sonaten» av Chopin og den fantastiske klaversonate op.7 av Grieg. Dette vert ein vakker kveld fyld med polsk og norsk musikk uttrykt i Griegs og Chopins musikalske brorskap, formidla av ein av verdas fremste klavervirtuoser.

Etter å ha vunne den nasjonale Chopin konkurransen i 2010 vert Grieg Niemczuk vurdert som ein av Polens fremste Chopin-tolkarar. Og etter sine mange år som turnerande konsertpianist i Norge har han gått eit nært forhold til Griegs musikk. Grieg blei jo i sin tid kalla «Nordens Chopin».

Greg spelar over heile verda. I syd-Amerika, Japan og Kina. Han har også spelt mykje i Norge dei siste 14 åra og i den samanheng blitt ein ekte norgesvenn. Gjennom desse åra har han fått ei stort og aukande publikumsgrunnlag. Så Greg får stadig større fotfeste her til lands. Han er årleg på to store turnear i Norge, frå nord til sør, og uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Norge. Greg Niemczuk betraktar no Norge som sitt andre fedreland.