Nyttårskonsert med Sunnivakoret & Ytre Suløen Jassensemble

Nyttårskonsert

Nyttårskonsert med Sunnivakoret & Ytre Suløen Jassensemble

Sunnivakoret vart starta sommaren 2003 i samband med førebuinga til Sunnivafestspela og teaterkonserten "Lyset frå Selja", som hadde urpremiere på klosterøya Selja i 2004. Tidleg i juni 2003 møttest songarar frå fleire kor i Nordfjord og på Sunnmøre til eit storkor, med den fyrste felles samlinga i Selje. Sidan har koret vore i full aktivitet med mange titals konsertar av ulik art - m.a. på Vestlandet og i Midt-Noreg.

Koret har hausta svært gode kritikkar med sine konsertar. Mange særs dyktige solistar og musikarar har fylgt Sunnivakoret på vegen, som til dømes Ytre Suløens Jass-ensemble med solist Tricia "Teedy" Bouetté.

Koret - Vestlandet sitt storkor - har no vel 70 koristar frå Selje, Vanylven, Vågsøy og Flora kommunar, og vi har også deltakarar frå andre kantar av landet.