Hvordan bli SuperHappy på 50 minutter

SuperHappy

I Hvordan Bli SuperHappy på 50 Minutter spelar Ingvild seg sjølv. Eller spelar ho egentleg ein annan? Kven er ho egentleg?

I sitt forsøk på å bli den beste utgåva av seg sjølv, har ho eigentleg blitt den beste utgåva av nokon andre? Og vil ho eigentleg ha ein raud Ferrari eller er det Egoet som ønsker seg det? I denne førestillinga tek Ingvild eit oppgjer med sin “Evil Twin”, og testar ut forskjellige metodar i håp om å bli “superhappy”. Vi skal ikkje kimse av veskelykke, men er det fyst i møte med døden vi lære å verdsette livet?

Teaterkompaniet Memento presentera: Hvordan bli SuperHappy på 50 Minutter – ein humoristisk monolog om sjølvhjelp, sjølvmord og vår evige søken etter lykke. Denne sterke og openhjartige monologen, fylt av humor og varme, spelast av Ingvild Lien.

Skuespiller og idéhaver: Ingvild Lien
Regi: Vibeke Flesland Havre
Manus: Ingvild Lien og Vibeke Flesland Havre
Dramaturgi: Vibeke Flesland Havre
Scenografi: Ingvild Lien og Vibeke Flesland Havre

En samarbeids-produksjon med Haugesund Teater. Forestillingen er også støttet av Fritt Ord.