Heine Totland & Gisle Børge Styve - Musikk Folkens!

Heine og Gisle

Heine Totland og Gisle Børge Styve har klart å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko sørleg meir saman enn å spele mange konsertar, har die etablert eit stadig større og svært trufast publikum. Saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å setje ord på. Publikum er begeistra og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og publikumet sitt.

Gisle Børge og Heine trefte kvarandre ved ein slags tilfeldigheit i ein episode av Beat For Beat i 1999. Der gjorde dei ein fantastisk versjon av klassikaren «He Ain`t Heavy» som seinare har blitt eit av dei mest populære klippa i frå programmet på YouTube. Etter dette byrja dei frå tid til annan å spele i lag.

 

I 2006 bestemte dei seg for å lage eit heilt konsertprogram og begynne å gjere offentlege konsertar. Billettsale var påfallande godt og sidan den gong har dei aldri sett seg tilbake. I 2014 sette dei saman ei forestilling på sin eigen måte som dei kalla «Musikk e komme for å bli». Der foreinte dei nok ein gong sin musikalitet, humor, grenselause energi og rein og skjær glede. Dei hadde premiere på Ole Bull i Bergen i november 2014 og på Latter i Oslo i januar 2016. «Musikk e komme for å bli» blei ein stor suksess og selde over 60 000 billettar i Bergen, Oslo og på turne over heile landet.

 

«Musikk folkens» startar der deira førre forestilling slutta. Der får vi høyre nye livsglade og humoristiske, men også ektefølte versjonar av songar vi alle kjenner.

 

«Musikk Folkens er ein musikalsk humorforestilling av høg kvalitet. Styve og Totland briljerer med sin musikalitet og evna til å få fram ein god latter i møte med publikum. Denne gongen utvidast også det musikalske uttrykket i betydeleg grad. Gisle Børge har skaffa seg ein ny mandolin, eit praktfult orgel, et Hammond B3 frå 1959, med krakk og pedalar!

 

Forestillinga hadde premiere 7. november på Ole Bull Scene i Bergen og 31. januar 2019 på Latter i Oslo. Du kan glede deg, no vert det Musikk Folkens!

 

Heine Totland- allsidig artist

Heine Totland er ein av landets fremste songarar, og ein framifrå entertainer. Han var i si tid med på å starte «Gli Scapoli», har hatt hovudrollar i musikalar som Mamma Mia, Buddy Holly The Musikal, Chess, Les Miserables og Jesus Christ Superstar. Han har gjett ut to soloalbum og har også hatt fleire oppdrag med symfoniorkesteret. Sidan 2011 har han også vert programleiar i programserien «Det norske måltid» på TV2, saman med Arne Hjeltnes. Han turnerar også jamt med bandet sitt Heine Totland`s Rock & Roll Circus.

 

Gisle Børge Styve- pianist og sangar

Gisle Børge Styve er for dei fleste kjent som ein av dei to pianistane i programserien «Beat For Beat» på NRK, som etter tretten år har blitt ein av tidenes største norske programsuksessar. Mange veit at han er ein aldeles framifrå pianist, men alle er ikkje like klar over at han også syng svært godt, og at han har eit stort komisk talent. Gisle Børge har også eit eige band, Gisle Børge Styve Trio. Dei har gitt ut to album, og Gisle Børge er komponist og tekstforfattar på ein del av låtane.