Rigmor Galtung: Syltynn, Topptrent & Dønn Ærlig

Rigmor

Rigmor Galtung er 50 år i år, noko som feirast med ein humoristisk forestilling. No når ho har fylt 50 er det tid for ei oppsummering, og spesielt i forhold til dei damene som har inspirert og følgt Rigmor gjennom 30 år, frå første dag på Stand-Up scena til i dag der imitasjon er ein del av kvardagen.

Forestillinga «Syltynn, topptrent & dønn ærlig» handlar om livsløgnar, erkjenningar, glede og sorg. Det «bur» mange personar i hovudet  til Rigmor, der nokon er meir framtredande enn andre. Gro Harlem Brundtland står i særstilling der, og Wenche Myhre var den første som «flytta inn». Sidan då har ein heil haug med andre følgt etter. Alle desse menneska og figurane har vert med på å prege kven Rigmor er. Det ho har funne ut no, er at alle desse personane er delar og fragment av den personen Rigmor er. Først og fremst er dette like vel ei forestilling om det å ha levd eit halvt år hundre, ei 50 års feiring av det å menneske, på godt og vondt. Og at det nødvendig vis ikkje er så farleg å bli eldre! Bak scena har Rigmor fått med seg eit stjernelag av hjelparar. Blant andre skribent Elisabeth Botterli i frå «Nytt på Nytt» på NRK1, på regi Pia Foorebally, film/redigering Mona Moe og på musikk Jon Rørmark. Her er det bare å glede seg!

 

Velkomen inn i stova til Rigmor!