Nyttårskonsert: Sogn og Fjordane Symfoniorkester

SOFORK

Sogn og Fjordane symfoniorkester feirer det nye året med eit feststemt program av nordiske komponistar som Sibelius, Svendsen og Grieg.

Sjølvsagt er Lumbyes Champagnegalopp med! Mezzosopran Mari Askvik frå Leikanger og saksofonist Roger Andreas Holme frå Sandane er solistar med orkesteret. Det blir flotte operaariar frå både Carmen og L’Italiana in Algeri og frå saksofonen får vi høyre den spennande Scaramouche som er virtuos, vakker med sine voggesangliknande tema og ein brasiliansk rumba som avslutning. 

Sogn og Fjordane symfoniorkester er eit orkester som er samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar. Det har vore viktig å få stor breidde og å legge vekt på det pedagogiske arbeidet slik at ein kan vidareutvikle kompetansen på orkesterspeling i fylket.

 

 

Program:

Grieg                   Hyldningsmarsj frå Sigurd Jorsalfar

Halvorsen           3 satsar frå Mascerade; Cotillon, Gavotte og Hanedans

Milhaud               Scaramouche

Sibelius               A la marcia frå Kareliasuite

 

Bizet                    Seguidilla og Habanera frå Carmen

Svendsen           Festpolonaise

Brahms               Ungarsk dans nr 5

Rossini                Cruda sorte frå L’italiana in Algeri

Lumbye               Champagnegalopp