Karius og Baktus med Bakgården barneteater

KArius og Baktus

Thorbjørn Egners si kjende forteljing om tanntrolla Karius og Baktus som har busett seg i munnen til Jens.

Jens er glad i søtsaker og hoppar ofte over tannpussen. Han har derfor fått eit hol som fungerar heilt ypparleg som hus for Karius og Baktus. Her leve tanntrolla godt og vert støtt og stadig servert favorittmaten sin: loff med sirup på! Dei syng songar og trallar medan dei hakkar og bankar i tanna for å få eit endå større og finare heim. Dei har store planar om både fleire hus og underjordiske gangar.

 

Så skjer det fatale! Ein dag får Jens frykteleg vondt i tenna sine og får beskjed frå mora si om at han må pusse dei. Karius og Baktus prøver å få han til å la vere, men han høyrer ikkje etter. Plutseleg er det ikkje lenger like hyggeleg for Karius og Baktus å bu i munnen til Jens.

 

Forestillinga er tradisjonell med nokre oppdaterte vriar som gjer den underhaldande for både små og store.

Varigheit: ca 35 min + møt & hels.

 

Skodespelarar:

Mari Kjøstad

Dorian Eldøy-Iversen

Robin Horsgaard Larsen