TEATER VESTLAND: Are Kalvø toppar VG-lista

kalvø

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

 

KUNSTNARLEG LAG

Av Are Kalvø

Regissør Erik Ulfsby

Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad

Lysdesignar Per Willy Horn

Dramaturg Ingrid Weme Nilsen

 

Medverkande

Skodespelar Are Kalvø

Musikar Ståle Sletner

 

Are Kalvø Toppar VG-lista er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.