LOSTRUPANE MED BAND - STILL STANDIN’

Lostrupane

Etter lang tids korona-dvale klinkar Lostrupane til med rocka konsert i Stryn Kulturhus laurdag 27. november.

Med songar frå Queen, Toto, Billy Joel, Elton John, Imagine Dragons m. fl. er dette ei konsertoppleving vel verdt å få med seg.

 

Vår dyktige dirigent Janne M.G. Skarstein har også ei overrasking på lur.

 

Bandet består av Terje Raudi, Guttorm Sæbø, Jan Nygård,  Anders Kvile og Alf Andre Bjørke. I tillegg har vi med fele og blåserekke, totalt 11 musikarar.

 

Vi garanterer at det vil rykke i rockefoten, og vi gledar oss til å stå på scena igjen.