Ville gleder med Jan Monsen og Mattis Thørud

Framsyningar
Henter programmet
Høyr historiene om korleis to travle familiefedre i full jobb klarar å gjere draumen om til verkelegheit.
Om fantastiske villmarksekspedisjonar i Alaska, Canada og Norge. Om møter med rovdyr, det å nyte nordlyset, stillheita og augeblikka. Om planlegging, kameratskap og gjennomføring av ein draum som er oppnåeleg for mange. Frå dei var gutar har Jan Monsen og Mattis Thørud elska eit allsidig friluftsliv året rundt. Enten det er ein kort tur i Austmarka eller ein månads lang tur i Nordamerikansk villmark har dei alltid planen klar for neste tur.
I foredraget får vi være med på fleire eventyrleg langturar i Norge, Canada og Alaska. Saman med Jan og Mattis deltok også Jan sin eldre bror Lars Monsen på alle ekspedisjonane. I foredraget får vi høyre Jan og Mattis sin usensurerte versjon av korleis dei tre saman har fått til det mange av oss drøymer om, og eit innblikk i planlegging, gjennomføring, kameratskap og samarbeid.
Det handlar om å nyte flott natur og være i eitt med omverda. Å oppleve gleda ved det enkle, kjenne på det å bli sleten og nyte late timar framfor målet. Fylle lagera opp med mat ein har laga sjølv og gjerne skaffa på vegen. Vete at ein søv tørt og behagelig og at samarbeidet med kameratane fungerar.
Du har kanskje sett dei som dei to yngste deltakarane i TV-serien «Monsen, Monsen og Mattis». I denne serien tek dei turane eit hakk lengre enn dei fleste,men elementa og krav til ferdigheiter er mykje av dei same som for ein kort tur i heimleg natur.
Velkomen til eit foredrag du kjem til å hugse!