Kaveh Rashidi- Senk skuldrene!

Kaveh Rashidi

Framsyningar

Henter programmet

Kvar enn du snur deg, er det nokon som skal fortelje deg kva du skal gjere for å bli eit sunnare menneske. Helseråda florera, og dei fortel deg kva som skal til for å bli den beste versjonen av deg sjølv.

Men treng du alt dette for å vere frisk og lukkeleg?

Nei!

Tvert om vert vi sjukare av det utrøyttelege fokuset på å gjere alt rett. I eit samfunn som stadig masar på at vi skal vere perfekte er dette foredraget ein frisk pust, formidla på ein lettbeint, skarp og inspirerande måte. I staden for å stadig betre helsa, syner Rashidi oss verdien av å heller bruke helsa til leve eit godt liv!

Gje litt meir blaffen i helsa?

Ved hjelp av vitenskap og forsking fortel Rashidi oss korleis vi kan få betre helse ved å gjer mindre. Han tek oss med inn på legekontoret, men løftar også blikket så vi kan forstå oss sjølve beitre som menneske. Først då kan ein fokusere på dei viktigaste og mest effektive helseråda, og med god samvit ignorere alt de andre- være seg kosthaldsråd, treningstips, piller eller helsesjekkar.

I januar gjev Rashidi ut si fjerde bok «Senk skuldrene». La dette bli året der du oppnår dine helsemål også, bare ved å senke skuldrane.

Kaveh Rashidi er fastlege og spesialist i allmennmedisin, og eit kjend ansikt som samfunnsdebattant og prisvinnande lege. I tillegg til sin praksis som lege er han også spaltist i Aftenposten og har podkasten Helseopplysningen på Podme.