Melankomiker

Andre Ulveseter

Framsyningar

Henter programmet

André Ulveseter går på scena med sitt tredje standupshow «Melankomiker». Den energiske komikaren, opphavleg frå Bergen, mista all glede og livskvalitet då kjæresten gjennom 10 år brått vart drepen i trafikken sommaren 2022.

Men med eit skråblikk på det aller meste, finn ein også humor i det mørkaste av det mørke. Å vere komikar i sorg, gråtande klovn, ein mann som ber om hjelp, og i tillegg pushar 50, har vore ei berg-og-dalbane av kjensler, men no er han klar til å gå på scenen att, med nye erfaringar og historiar å dele.

Melankomiker er eit ærleg, sjølvironisk og humoristisk show med eit alvorleg bakteppe, levert av ein av Norges skarpaste komikarar.

Korleis reagerer ein som aldri tidlegare har mista anna enn ein katt og ein undulat i heile sitt liv, på det å miste sin aller viktigaste støttespelar, kjæreste og venn? Og kvifor i all verda eksisterer eigentleg sukat?

– André dveler ikke mye ved det åpenbart tragiske og med den svært tunge tiden i etterkant, men likevel gir hans realistiske og som sagt nære forestillinger om det passerte en meningsbærende tyngde i forestillingen jeg aldri har opplevd maken til. Terningkast 6!
Ole Foss, Sunnmørsposten 1. september 2023

– Et sterkt og flott show.
Amanda Stave, Nyss 13. september 2023

– Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at han er med og reddar liv med å vise denne filterlausesida av livet.
Monica Aure Fallingen, leiar, Nyss 20. september 2023

I sine tidlegare show har André snakka om frykta for å ikkje leve, og kvifor krenking har blitt folkesjukdom nummer éin. I tillegg til sine to standupshow har han også sidan 2013 turnert land og strand med sitt morosame, engasjerande og lærerike føredrag «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil». Det populære føredraget er framført omlag 700 gonger, fordi folket openbart ynskjer å lære meir om kvifor det er forskjell på å fiske kake og fiskekake.

No kan du få med deg årets mest meiningsfulle humorshow, krydra med både latter og tårer. Velkomen til Melankomiker av og med André Ulveseter!