Kåseri med Oddgeir Bruaset
Framsyningar
Henter programmet
Oddgeir Bruaset høyrer til veteranane i NRK. Då han gjekk av etter oppnådd aldersgrense, hadde han arbeidd i NRK i 43 år, dei fleste som programleiar i fjernsynet. Best kjend er han for å ha starta og leidd suksess-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Utanom arbeidet i NRK har Bruaset skrive meir enn 30 bøker, blant andre fem som handlar om menneske som lever langt utanfor allfarveg. Hausten 2022 kom den siste av «Der ingen skulle tru»-bøkene. Ho har tittelen Gjensyn og fortel om korleis det har gått med nesten alle dei som har vore med i programma.
I tillegg til dette er Bruaset ein etterspurd foredragshaldar. Denne hausten besøkjer han dei fleste pensjonistlaga i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og det er den siste boka foredraget byggjer på. Mykje uventa har skjedd med folket der ute, overraskingane er mange, røper han.
I tillegg til det han fortel, viser han bilete av stadene og folket, slik vi hugsar dei frå programma, og slik dei ser ut i dag. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe bøker, gjerne med ei personleg helsing attåt.