Bursdagsfeiring

Hos oss er det moglegheiter for kinobursdag, badebursdag og diskobursdag!

Kino- og badebursdag

Ved bestilling av kino- og badebursdag får ein eit eige rom til disponering. Dette er tilgjengeleg ein time før filmen/badinga startar. Vi bestillar inn pizza etter antall gjester som kjem på feiringa. I tillegg får kvar unge 1 liten popkorn, 1 brus og 1 slikkepinne. Der er og moglegheit for å ta med eigen bursdagskake

Kino- og badebursdagar startar ca. ein time før filmen/badinga startar.

Pris: Kr 250,- per stk

Prisane på selskap gjeld i forbindelse med visning av filmer i vårt ordinære kinoprogram og ved offentleg bading.

Diskobursdag

Ved bestilling av diskobursdag får ein Heimskringla til disponering. Dette er eit ungdomslokale med dansegolv, diskolampe og musikkanlegg. Vi bestillar inn pizza etter antall gjester som kjem på feiringa. I tillegg får kvar unge 1 liten popkorn, 1 brus og 1 slikkepinne. Der er og moglegheit for å ta med eigen bursdagskake

Pris: Kr 250,- per stk

NB! Alle bursdagar krever at ein vaksen stiller som vert. Ved kino- og symjebursdag betyr dette at den vaksne får ein fribillett, men blir ansvarleg for at feiringa ikkje går ut over andre gjester.

Invitasjonar

Kinobursdag

Badebursdag

Diskobursdag

Bestill på telefon: 90 97 08 53 (08.30–16.00).

Epost: kare.bruvoll.alme@stryn.kommune.no