Om symjehallen

Symjehallen oversiktsbilete

Symjehallen vår har stupetårn, rutsjebane, barnebasseng og sauna.

Velkomen til Stryn symjehall!

Her finn du informasjon om billettprisar, periodekort, leigeprisar og reglar. Vi ber alle våre badegjester lese reglane før besøk ved symjehallen vår.

Opningstidar finn du nedst på sida i footeren.

Billettprisar

  • Barn frå 0–1 år: Gratis.
  • Barn frå 2–19 år: kr 70,-
  • Vaksen: kr 135,-
  • Honnør/nedsett funksjonsevne: kr 115,-

Årskort og halvårskort

  • Årskort barn: kr 3050,-
  • Årskort vaksen: kr 3900,-
  • Årskort honnør/nedsett funksjonsevne: kr 3200,-
  • Halvårskort barn: kr 1900,-
  • Halvårskort vaksen: kr 2600,-
  • Halvårskort honnør/nedsett funksjonsevne: kr 2300,-

Familiekort

Ein standard familiekort gir symjing for 2 vaksne og 2 barn. Ønskjer ein å ha fleire barn på familiekortet koster dette ekstra. Familiekort for honnør gir symjing for to honnørar.

  • Årskort familie: kr 6400,- (ekstra barn kr 630,-)
  • Årskort honnør: kr 5100,-
  • Halvårskort familie: kr 4600,- (ekstra barn kr 430,-)
  • Halvårskort honnør: kr 3600,-

Merk at det krevst gyldig legitimasjon ved bruk av årskort og halvårskort.

For leige av symjehallen til grupper, lag og organisasjonar, eller andre praktiske spørsmål ver venleg å ta kontakt på telefon: 90 97 08 53.

Klippekort (12 klipp)

  • Barn frå 0–1 år: Gratis.
  • Barn frå 2–19 år: kr 770,-
  • Vaksen: kr 1350,-
  • Honnør/nedsett funksjonsevne: kr 1050,-

Leigeprisar

Ordinær leige: kr 2600,- per time.

Leige for lag/org. i og utanfor kommunen: kr 1280,- per time.

Leige for godkjent badevakt: kr 790,- per time.

Ordensreglar for symjehallen.

Swimming pool rules.