Om Stryn kulturhus

Bilete av Stryn kulturhus sett frå utsida

Stryn kulturhus er heile kommunen si storstove. Vi gjestar store og små arrangement, kunstutstillingar, konsertar, kino og mykje meir i løpet av året.

Stryns storstove

Vi har ein flott kaffibar, kinolounge og kiosk. Vi har sju store og små møtelokale som passar seg til alle anledningar enten det skulle vere konferansar, kurs eller eit lite møte. Vi har også ein flott foajè som passar til store middagar, basarar eller konsertar.

I kulturhuset kan du få servert både varme og kalde drikkevarer. Vi har også gode vaflar, kjeks, is og diverse andre godsaker i frå kaffibaren og kiosken vår.

For spørsmål eller tinging, kontakt oss på telefon: 90 97 08 53, eller på e-post: kare.bruvoll.alme@stryn.kommune.no

Her kjem ein oversikt over fasilitetane våre:

Kultursalen

Konsert-, teater-, konferanse- og kinosal med 342 sitjeplassar.

Møterom

  • Tingsalen: Plass til 50 stk.
  • Skald: Plass til 15–20 stk.
  • Edda: Plass til 10 stk.
  • Skald og Edda er delte med foldevegg og kan opnast. Det er då plass til 25–35 stk.

Alle møterom er utstyrt med prosjektor og flipover.

Foajè

Fojaèen vår er eit eigna lokale til selskap, firmaevents, intimkonsertar, basarar og liknande. Vi har også eit eige område som er avsatt til kunstutstillingar.

Kjellar

I kjellaren vår har vi Heimskringla som er eit ungdomslokale med dansegolv. Den kan også leigast ut til barnebursdagar og liknande.

Servering og arrangement

Planlegg du ein samankomst for familie og vener, bursdagsfestar, julebord, firmafestar, møter, etc. så har vi eigna lokaler og opplegg som vert tilpassa dykkar behov. Ta kontakt for meir informasjon eller eit uforpliktande tilbod.