Magiens Verden 1

MV 1

Framsyningar

Henter programmet

Magiens Verden er eit show fylt med magi, humor og overraskingar, eit show som får barna til å hyle, skrike og le før dei vert stille av forundring over det magiske som har skjedd. Dette eit show med høg kvalitet og eit enormt engasjement for både store og små.

Daniel Larsen er rekna for å vere ein av Noregs beste barne og familie underhaldarar dei siste 30 åra. I 30 vintrar har Daniel hatt sine familieshow på fleste hotella på Geilo, Gol og Storefjell og i 11 år har han hatt ansvaret for barneunderhaldinga på Color Lines sine båtar mellom Sandefjord og Strømstad. Han har vert innom parkar som Hunderfossen, Tusenfryd og Bjørneparken, han har underhaldt «Det Kongelege Hoff» turnert i Afghanistan der han underheldt internasjonale fredsstyrkar, Kongefamiliens juletrefest på slottet og sist men ikkje minst underhald i bursdagen til rocke legenda Jerry Lee Lewis i frå Memphis Tennessee. Daniel si referanseliste er lang og spanande,- alle med fellesnemnaren: SUKSESS!!! Og med eit snitt på 150-200 show i året er han ein av dei mest produktive magikarane vi har i Noreg, så dette er med andre ord ein godt etablert magikar og illusjonist som vi i Noreg kan vere stolte av.