Greg Niemczuk: Klassisk musikk for alle

Chopin og Grieg

Framsyningar

Henter programmet

Greg Niemczuk er ein av dei beste pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og utdanna seg på musikkakademiet i Katowice med dei høgste utmerkingane. Pianisten spelar no rund om i heile verda. Han har konsertar i dei fleste europeiske land, samt i Amerika, Asia, Afrika og Australia. No kjem han tilbake til Stryn kulturhus med klassisk musikk for alle!

Greg Niemczuk er ein av dei beste pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og utdanna seg på musikkakademiet i Katowice med dei høgste utmerkingane. Pianisten spelar no rund om i heile verda. Han har konsertar i dei fleste europeiske land, samt i Amerika, Asia, Afrika og Australia.

Greg Niemczuk vann i 2010 1. plass i den prestisjetunge nasjonale Chopin-konkurransen i Warszawa og han er no betrakta som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Halls debutantpris blant mange av verdas dyktigaste instrumentalistar.

Greg Niemczuk har ikkje minst fått eit stort namn i Norge. Han har helde konsertar i Norge sidan 2010 og gjennomfører årleg to store turnear her til lands. Han har spelt i 38 forskjellege kulturhus i Norge, og gjesta dei fleire gongar. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Norge. Etter all denne turneringa og alle konsertane har han fått eit heilt spesiell tilknyting til landet vårt. Han har blitt ein ekte Norgesvenn og ser no på Norge som sitt andre fedreland. Dette vert fjerde gongen Greg spelar for oss i Stryn.

Det er dei store romantiske komponistane frå 1800-tallet Greg Niemczuk skal tolke for oss. I kveldens program får vi høyre dei vakraste og mest kjende klaververka av Schubert, Schumann, Verdi, Mendelssohn, Liszt, Chopin, Brahms og vår eigen Edvard Grieg!

Kvar enn Greg spelar vert han invitert tilbake. Hovudgrunnen til dette er sjølvsagt at han er ein eineståande og dyktig pianist, men også for det han er ein hyggeleg person: venleg, open, utadvent, alltid smilande, begeistra, glad i menneskjer, beskjeden og takksam for alt- elska og høgt respektert uansett kvar han kjem på besøk. Ein stor personlegheit med eit vinnande vesen!

Program:

  • Johannes Brahms: Vals – Ass-Dur - op. 39 nr. 15
  • Frédéric Chopin:«Nocturne» - ciss-moll nr. 20 op.posth.
  • Frédéric Chopin:Bolero – a-moll op. 19
  • Frédéric Chopin: Tarantella – Ass-dur op. 43
  • Felix Mendelssohn: Rondo capriccioso – E-dur - op. 14
  • Edvard Grieg:«Peer Gynt»-suite op. 46 nr. 1

Morgenstemning

Mor Åses død

Anitras dans

I Dovregubbens hall

Pause 15 minutt

2. avdeling

  • Franz Schubert:Impromptu – Gess-dur - op. 90 nr. 3
  • Franz Schubert:Impromptu – Ess-dur - op. 90 nr. 2
  • Robert Schumann/Franz Liszt:Widmung – (“Dedikasjon”)
  • Guiseppe Verdi/Rigoletto-parafrase – over den berømte
  • Franz Liszt:kvartetten i operaens 4. akt «Bella figliadell’amore» - («Kjærlighetens vakre datter»)
  • Fréderic Chopin: ”Souvenir de Paganini” – op. posth. («Erindringer om Paganini»)
  • Franz Liszt/Grande Etudes nr. 3
  • PaganiniLa Campanella” («Bjellen»)
  • Franz Liszt:Ungarsk rapsodi nr. 2 S. 244